Viser innlegg med etiketten Krampeaktige analysar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Krampeaktige analysar. Vis alle innlegg

onsdag, april 18, 2007

Busstyrannane

På eit folkemøte i Sogndal angåande sentrumsutvikling i vinter uttalte Erling Dokk Holm noko slikt som at kundegrunnlaget til nor-way bussekspress besto av husmødre over 50 og ungdom under 18 som ikkje fekk sitja på med nokon. Medan eg sat på bussen, ja, ein bussekspress på veg til Oslo for å forelesa om mi nyleg støvavpussa masteroppgåve og filosoferte over kva gruppe eg tilhøyrde, vart eg inderleg klar over at han hadde utelete ei stor og mektig kategori. Busstyrannane.

Ekspressbussar tiltrekker seg menneske som elskar lydar frå mobiltelefonen sin. Menneske som ikkje kjenner til lydlausfunksjonen, som ikkje veit det fins opptil fleire utgåver av øyreproppar og hovudtelefonar i handelen. Dei vel seg ringelydar av sjarmerande artistar og speler av musikk (les: trance) frå ipod'n eller mp3-spelaren til kompisane sine. Alt medan dei sit på bussen. På grunn av denne menneskegruppa, for dei må vel reknast til arten, har eg fått meir ambivalent forhold til bussen. Det vert ein konflikt mellom det den trivelege bussjåføren, lat oss kalla han Geir-Øystein, som trygt fører oss over fjellet til Gol der det er ein halvtimes matpause med kjøtkake - og pommes fritesfortæring representerer, og irriterande støyarar.

Går det an å innføra ei stille-avdeling på bussen? Der eg i fred kan sitja og studera mine medpassasjerar og setja dei båsar og analysera dei i fred og ro?

Dermed set eg over til Kristin, den ypparlege bussbloggaren.

tirsdag, januar 02, 2007

Svigermors draum

Eg er rysta!

Kva er det slags konsept TV2 har hengt seg på? Eg ser på Svigerdatter Søkes. Godt vaksne menn som bur heime hjå ho mor skal forsøka å få seg dame.

Replikkar som "hun er ferdig med formering" og "mamma har ikke gitt meg så mange råd" haglar frå personen som har invitert fleire, usikre damer med seg heim i hyttemøblementet til ho mor.

Ein etter ein blir dei sendt heim- berre den mest lettlurte blir med på det som blir kalla ein romantisk weekend- i bubuil! Og attpåtil dukkar den hyperaktive svigermora opp i campinghuset dagen derpå. Med frukost og hundre spørsmål!

Så blir dei eit par. Etter ei vekes bekjentskap.
Som svigermor uttalte: "Han har samme smak som sin mor". Den kommande svigerdottera seier opp jobben på anna kant av landet og skal flytta inn hjå vedkommande, i løpet av fire månader.
Lukke til. Eg meiner det. Men trur det ikkje.

tirsdag, september 19, 2006

Nesten Bee Gees

Det er tid for den årlege 19.september-rapporten. Eg er blant dei som hardnakka påstår at sommar kan det vera heile året. Sommar er ikkje ei årstid som jamnleg inntreff, normalt i månadene juni, juli og august. Det er snarare eit fenomen, ei kjensle, som brått kan dukka opp når du minst ventar det.

Det er noko eige med fasettstemmer og sommar. Scissor Sisters har det, og "I don´t feel like dancing" får sommarkjensla til å vara enno litt lenger. Det er underleg kva enkle pianoakkordar, clap-hands og lyse mannsstemmer kan gjera med humøret. Eg skiftar batteri på hovudlykta (!) og ryddar i klesskapet nesten utan å banna.

Nok om det. Kategorisering, analysering og midlertidige oppsummeringar er ein dyd. Her er ei førebels gjennomgang av noko eg har opplevd i det "dei andre" kallar sommar:

-Kuulaste fjellovergang: Sognefjellet sjølvsagt, med Korgenfjellet på god andreplass. -Nei, forresten Dovre! Dovre er nest best.
-Treigaste teltoppsetjing: Etter at rektoren på Herøy skule tilrådde oss å campa i skogholtet ved skulen. Innser at eg ikkje vinn NM i den greina på ei stund. Spesielt ikkje med ei lommelykt som einaste lyskjelde:)
-Konsertopplevingar: DumDum Boys på Vinjerock! Og Kaizers på Målrock
-Nye fjelltoppar erobra: Storen sjølvsagt, men også lokale Vindreken og Hest
-Kjedelegaste vegstrekning: Æ kjøre E6... gjennom Nord-Trøndelag. Ei oppmuntring på vegen var sjølvsagt den tannlause bensinstasjonmannen på Steinkjer eller kor det no var.
-Innrømmer motvillig å ha nynna på: Paris Hilton sin Stars are Blind
-Eg vann, eg vann: Månadens bok på Skjeldestad Libris! Eg er kry!
-Sommarens helgevaktangst: Hest, golf og fisk på to dagar. Seier ikkje meir...
-Kulinariske opplevingar av dei sjeldne: Kirsebæra på ferjekaien på Mannheller. Oppetne medan eg venta på at mobilen skulle koma tilbake frå ferie i Årdal. Bringebær, jordbær, prince-epler, D´Oullins... endeleg ein grunn til å satsa på primærnæringa...

Førehandsannonserer også sykling på Rallarvegen til helga. Lovar fyldig dekning av den turen på bloggen...

søndag, juli 30, 2006

Å vera oppdatert

I grunn skulle bloggen brukast til litt faglege ting. Slik at eg liksom skulle minna meg sjølv og omgivnadene på at eg er eit aktivt tenkjande menneske som veit å setja pris på alle studiepoenga mine. Slik har det ikkje blitt. Derfor kjem denne desperate oversikta over interessante nettartiklar eg faktisk har vore innom i sommarvarmen. Dei er ikkje i prioritert rekkjefølgje og ber preg av ein trong til å vera politisk korrekt.

Hipsterkultur i Store Studio
Krigsretorikk
Meglarar har lågast status
Teikn på at du har ein god jobb
Forsvarar superrånarar
Ulukke for norske lokalsamfunn
Elefantar likar ikkje oppoverbakkar

Urgh... Fleire, anyone?

mandag, juli 24, 2006

Vakre sommarsogn


I helga var Carina på besøk og reint utanom tunge, medievitskapelege diskusjonar vart det god tid til å utforska nærmiljøet. Som relativt ny indre Sogn-fan vart Storehogen naturleg val laurdag. Eg undrar meg noko over kvifor eg ikkje får inn NRK 2 når eg trass alt bur midt i Sogndal sentrum og tv-antenna mi er plassert beint mot denne sendaren på Storehogfjellet. Men det får eg ta opp ein annan gong. Bading og speiding mot Lærdal og fjellheimen vart det sjølvsagt før medievitarane i oss fann vegen til innspelingsstaden for ein viss realityserie, så klokka vart langt over barne-TV tid før me fekk karra oss tilbake til sentrum, etter galant ha meistra hindringar som hoggorm og sauer.


Sundag stod Lustrafjorden for tur. Urnes, truleg verdas søtaste ferje, frakta oss frå nydelege Solvorn til nettopp - Urnes. Me møtte knapt ein bil langs heile sørsida av fjorden, lokalbefolkninga var opptekne med bading og det såg ut til at campingbilane hadde sett sine begrensingar. Trass i at me ikkje møtte nokon typiske feigianarar var Feigumfossen stilig og fortener plassen sin på ymse postkort. Kjøtkakemiddag vart det i solveggen på Turtagrø og bading i brakkvatnet på Skjolden. Ei fin helg!

mandag, juni 26, 2006

Verdas styggaste turistbuss?

Eg tek mykje ferje, og på systao og meg sin vesle bilferie i forrige veke var det ikkje berre ulvar, skotsk høglandsfe og kontaktsøkjande geiter me vart betre kjende med. På ferja Mannhiller-Fodnes dukka desse kompisane opp. Trass i at dei var henhaldsvis frå Tyskland og Frankrike, såg det ut til dei har lete all tidlegare fiendskap på hylla og einast om at feire i Noreg, det er det beste.



Eg kunne gjerne tenkt meg å lese ei avhandling med tittelen: turistbussar i Noreg- ein analyse av design, fargeval og stilmessig uttrykk. Ha ei veke balansert veke!

mandag, februar 27, 2006

Nokon har sampla Livin' on a Prayer

Eg trudde øyro ville falla av og alle gode minne ville bli viska ut. Men det eg høyrde var sant og ikkje berre ein vond draum. Blir verda betre av det? Løyser det nokon samfunnsproblem? Eg innser at det ikkje lenger er tolerert at eg tykkjer Jon Bon Jovi er ein svært tiltrekkande mann, men likevel...Det får vera måte på til gravskjending. Med eit snev av nostalgi må eg innsjå at Shagma likevel ikkje var ultimat animasjonsfilm sånn reint teknisk sett. Men det tek ikkje gleda frå meg for det! Det gjeld å skilla klinten frå kveiten for å seia det slik. Alt til sitt bruk og dei penaste epla er ikkje alltid dei beste. Det gjeld å sjå utover og oppover i staden for innover og nedover. Sjølv om eg aldri kjem til å melda flytting frå Balestrand kommune innser eg at det ikkje nødvendigvis er det beste. Det gjeld å ha kontakt med grasrota, men ikkje å gro fast. Og til slutt endar ein opp med litt røter her og litt røter der og det er det beste. Ikkje alle røtene på ein plass liksom. Det kan kjennast godt, men i enkelte situasjonar vera livsfarleg. Ha! Litt hugsar eg no frå 3Bi! Næring kan koma så mange stadar frå.
Men den gamle versjonen er framleis best.

tirsdag, februar 21, 2006

Om seminarbarn...

Seminarbarn er så søte! Det hjelper verkeleg på sjølvkjensla når du ein dag med særdeles dårleg sjølvtillit møter ein gjeng med bachelorstudentar som trur du er ein mester i retorikk! Men det hjelper ikkje når det viser seg, litt uti timen at du er den dummaste i rommet. Likevel: det har sine fordelar å liksom på papiret kunne noko om det ein formidlar. Då får eg heller oversjå at dei synes eg er ei gammal masete tante som pratar oppatt og oppatt om kor viktig det er å ha oversikt over elementa i det eksterne pentagram:)

mandag, februar 20, 2006

Gimme, gimme,gimme...

Arrrgh! Kvifor krev alle jobbar eg har lyst på 10 års erfaring og ekstreme personlege eigenskapar? Og kvifor tek det så lang tid før eg får noko tilbakemelding? Må få ut noko aggresjon, ein time på tredemølle pleier å hjelpa. Og så er det jo kino m Halldis i kveld, north country- førpremiere! I like it:)