Eg er rysta!
Kva er det slags konsept TV2 har hengt seg på? Eg ser på Svigerdatter Søkes. Godt vaksne menn som bur heime hjå ho mor skal forsøka å få seg dame.
Replikkar som "hun er ferdig med formering" og "mamma har ikke gitt meg så mange råd" haglar frå personen som har invitert fleire, usikre damer med seg heim i hyttemøblementet til ho mor.
Ein etter ein blir dei sendt heim- berre den mest lettlurte blir med på det som blir kalla ein romantisk weekend- i bubuil! Og attpåtil dukkar den hyperaktive svigermora opp i campinghuset dagen derpå. Med frukost og hundre spørsmål!
Så blir dei eit par. Etter ei vekes bekjentskap.
Som svigermor uttalte: "Han har samme smak som sin mor". Den kommande svigerdottera seier opp jobben på anna kant av landet og skal flytta inn hjå vedkommande, i løpet av fire månader.
Lukke til. Eg meiner det. Men trur det ikkje.
tirsdag, januar 02, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg og Ked syns det var eit fantastisk program og kosa oss veldig! Ikkje rakk ned på programmet!
ok... det er bare å innse det, at det ikke var en svigermor å drømme om.... så om en er "svigermors draum" spiller vel liten rolle..
Men jeg er imponert hvor mange detaljer du har fått med fra programmet... ;)
Analyse av TV program er desverre blitt ei notorisk trang hos meg:)Tippar du ser Farmen? Eg svergar til Eva og Adam på NRK som den statskanalsfantasten eg er. Litt "Kroppen Min", O-fagstime og generell folkeopplysning leia av galematiasen sjølv, Petter Scherven. Den må du få med deg for å henga med på TV-fronten i vinter:)
Legg inn en kommentar