torsdag, desember 06, 2007

Bloggen er død- leve bloggen!



For det første. Eg har ikkje oppretta facebook-konto. Kvifor bloggen har døydd hen, eller i alle fall gått i dvale heng moglegens saman med mi overtyding om at ein helst bør gå i hi vinterstid, og sommarstid har ein vel andre ting å gjera enn å sitja inne og blogga? :) Uansett. Det er vel nok av bloggetema der ute, la ikkje "infeksjon i øvre luftveier", som vikarlegen min kallar det, ta overhand:) Ut i snøen, opp i bakken. På tide å finna fram att fellene, med eller utan kakaoflekkar. Til kamp mot mørketida:)

mandag, juni 04, 2007

Eg hatar måsar


Vil oppmoda alle om å delta på sommarens kuulaste avstemning på Sogn Avis, sjølvsagt laga av nettansvarleg og underteikna i solrus på Leikanger.

Tru ikkje at mitt generelle syn på måsar har endra seg, men etter helgas jobbutflukt til Kalvåg har eg innsett at måsar, så lenge dei oppfører seg skapeleg, på ein måte høyrer heime i sommarklisjeen. Desse eksemplara har Monica Y foreviga.

søndag, mai 20, 2007

17. mai i alternative omgivnader

17. mai utan eviglange prologar, korps og pølser vart feira i Balestrandsfjella.
Kvelden før vart sekken pakka, og frå idylliske Fossen kava eg meg opp Galdane for første gong i år. Leitar framleis etter den perfekte måten å bæra skia på, forresten. Blautt å gå og kaldt i selet i Tenndalen, men fint utgangspunkt for ski dagen etter. Stordalen- Hesjedalen var uaktuell rute pga altfor mykje snøsmelting.
Flau via Geitafjell fungerte derimot heilt fint, sjølv om skia måtte bærast eit godt stykke oppover bakkane. Blaut snø var det, men ikkje verre enn ein kunne forventa midt i mai på 500-1000 meters høgde. Heime venta rømmegraut og eg sakna ikkje toget i det heile.