Viser innlegg med etiketten Forum for fredeleg fritid. Vis alle innlegg

søndag, mai 20, 2007
17. mai i alternative omgivnader
onsdag, april 11, 2007
Nye ski!
Eg har blitt den lukkelege eigar av skinande mørkegrå E 109 med dei attraktive måla 78-60-70. Dei er 178 cm lange og det beste av alt: dei har ein etterlengta, glinsande skarp stålkant.
Eg vil det beste for dei nye skia mine, vera ein god og omsorgsfull eigar. Eg vil dei skal bli trufaste kompisar, saman skal me nå nye høgder. Derfor let eg meg prakka på CH10 vidundermiddelet som både skal beskytta skisålen og gi superb gli. Korleis dette skal påførast var for meg noko usikkert. Mine kjelder, dvs intersportmannen med gullkjede, Swix og diverse nettsider, gav delvis motstridande svar. Derfor bruker eg eliminasjonsmetoden og eigen intuisjon, dersom det er noko som heiter det når det gjeld prepping. Endeleg har eg funne noko fornuftig å nytta strykejernet eg kjøpte for 199 kroner på Expert til, og brått er rommet mitt endra til ei smørebu. Midt i kjemiske reaksjonar og pirking i folketradisjon gjer eg skia til mine eigne gjennom denne mytiske og heilage prosessen utan at eg forstår kvifor eg gjer dette. Etter at strykejernet mitt garantert ikkje kan nyttast til bunadsskjortestryking meir, er det berre ein ting å gjera. Skitur i morgon.
By the way har eg i min ville iver teke i bruk uvitskaplege metodar for å auka skigleda. Utan blygsel kasta eg skifellene mine i vaskemaskina, putta inni godt med vaskemiddel og skrudde tempen på 40 graders normalvask. Bort med gamle kakaoflekkar, lilla klister og myr-restar (!). Dette er starten på vårsesongen.
No gjenstår det berre å finna ut kva som er høgre og venstre ski før kvite vidder og tusenmetrane kan erobrast. Eg skal gå på ski til juni. Minst!
torsdag, mars 29, 2007
No retreat, baby, no surrender
På mange måtar staka Bruc'n ut kursen. Takka vera han fekk eg og Karin vår første Oslo-tur, sjølv om Sagatun skule sette seg kraftig på bakbeina. At elevar på den skulen tok seg fri for å gå på konsert hadde ikkje skjedd sidan New Kids on the Block sine velmaktsdagar. Bruce Fredric Joseph Springsteen og The E Street Band gir eg med dette ein gedigen bamsegruppeklem for galant ha halde meg i handa gjennom tjukt og tynt oppgjennom.

Eg har store problem med å plukka ut den O' store Bruce-plata. Eg oppdaga han gjennom Born In The Usa, ein kopiert kassettversjon som Geir Inge hadde morkassetten til. Eller kanskje var det broren hans? For hardt oppsparte midlar kjøpte eg og Karin sporenstraks dei dritdyre Human Touch og Lucky Town. På kassett, ja. Sakte, men sikkert kompletterte samlinga mi seg. Sjølv om smaken har endra seg gjennom åra og yndlingsutgjevingane har skifta, oppsummerer plata frå det herrens år 1984 det eg tykkjer er det geniale med Bruc'n. Uttrykk for ulike sinnsstemningar.
Skal ein først overskrida fartsgrensa på Slinde, kan det med fordel gjerast til Darlington County. Ingen syng shalala som Bruc'n og eg hoiar med på We drove eight hundred miles without seeing a cop/We got rock and roll music blasting off the t-top... Anleggsarbeidarane langs vegen ser litt skeptiske ut der eg køyrer til jobb. For meg betyr Born In The Usa frustrasjon, desperasjon og skuffelse. Went down to see my V.A man/ He said "son don't you understand". Ikkje rart Bush aldri forsto?
Cover Me passar perfekt når det einaste eg vil er å dra for alle gardiner. Outside's the rain, the driving snow/I can hear the wild wind blowing/turn out the light/Bolt the door/I ain't going out there no more. Med Working On The Highway på øyra skriv eg notisnytt frå Fylkesmannen i rekordfart, medan eg lovar å bruka heile neste månadsløn på ei clap-handsmaskin som ville sørga for kontinuerleg godt humør om eg berre saved up my money and I put it all away, som Bruc'n ville sagt det.
Now I work down at the car wash/Where all it ever does is rain/ Don't you feel like you're a rider on a downbound train. Då er fiaskoen eit faktum og berre stumpane igjen å redda. Lite trøyst er det å henta i I'm On Fire, sjølv om strofen Sometimes it's like someone took a knife (baby) edgy and dull/And cut a six-inch valley through the middle of my soul på underleg vis var med på å gi meg ein glimrande engelskkarakter på Sagatun. Teamwork:)
Då er det straks lysare tider i møte i No Surrender. We busted out of class, had to get away from those fools/We learn more from a three minute record, baby, than we ever learned in school. Klassisk, naivt og entusiastisk. Bobby Jean er den evige skrekken i dansebandtakt. I wished I would have known/I wish I could have called you/ Just to say good-bye. Får meg til å grina kvar gong.
I'm Goin' Down. Hurramegrundt og fullstendig galematias er eit faktum. Clap-handsen overkøyrer det som måtte vera av djupare innhald. Glory Days understrekar at utgivinga kom på midten av det glade 80-talet. Synth-en og trommeslaga sit som eit skot medan gladnostalgikaren skrik om time som slips away and leaves you with nothing, mister, but boring stories. Og er det så nøye då? Nerva er tilbake på Dancing In the Dark. Rastlaust blir energien pumpa ut medan både eg og Bruce er dying for som action. Man, I ain't getting nowhere/Just living in a dump like this/There's something happening somewhere/baby I just know that there is. My Hometown er var og ettertenksam. They're closing down the textile mill/ Across the railroad tracks/Foreman says these jobs are going boys/And they ain't coming back/To your hometown
Takk Bruce for at eg aldri fall i trance-bølgja sine klør og at eg på eit tidleg stadium vart ørlite klar over at det fanst litt riper i lakken på den glamoriserte amerikanske draumen. Tusen takk for at eg inst inne er ein håplaus romantikar. Det er patetisk og fint på same tid.

søndag, februar 11, 2007
Saurdalseggi
tirsdag, januar 23, 2007
Rett på nett
Takk til Mariann, Ole K og Turid for flott fjellhelg i Gåpn. Herleg å koma seg vekk litt, trassa kuldegrader og eta god mat i avslappande omgivnader. For oss som er glade i det kalde element passa Engjadalen perfekt, halvanna meter snø og antydning til frisk bris gjorde helga til ei framifrå oppleving, for ikkje å gløyma moltelikøren. Nettansvarleg fekk prøvd sine praktiske evner og viste seg som ein ypparleg grava-snø-av-hyttetak organisator og inspirator. Det må dokumenterast, så her er nettjournalisten rett på nett, nesten på paparazzivis.
søndag, januar 14, 2007
Frøken Renates fornemmelse for snø
Eg vil ha snø! Og eg er blitt bønhøyrd! Nyttårsafta sjekka eg og Karin forholda i Saurdalen- stadsnamnet som straks framkallar assosiasjonar til feller, rane (Frå nynorskordboka:rane m1 (norr rani 'tryne, fremste enden av') fjellpynt, bergrygg, rinde; odde, pynt), kakao, gnagsårplaster, 1000-meterstoppar og glya(Frå nynorskordboka: tynt skylag; slør (på himmelen))Me vart skuffa.

Hoppande glad vart eg derfor då eg fann bilen i ny farge ein vakker januarmorgon. Å skrapa snø bort frå bilen har aldri vore gøyare.
Det supre pudderlaget og min fornemmelse for snø har gjort at eg har starta henga i lysløypa i Hodlekve etter jobb, medan Filefjell lokka i helga. 2 timar i bil kvar veg vart verd det då Gunn og Tove og underteikna slo oss laus i løypesystemet i Tyinområdet. Takk særleg til vegmeldingssentralen 175 og Ka-en. Tre sekkar, tre par ski, sko og stavar og tre personar fekk på underleg vis plass. Håpar på glimrande skiføre og mange utflukter framover vinteren!
Hoppande glad vart eg derfor då eg fann bilen i ny farge ein vakker januarmorgon. Å skrapa snø bort frå bilen har aldri vore gøyare.
onsdag, januar 10, 2007
Sukkertøy for auge
Siste film eg såg på kino var Casino Royale. Sexy, tilbakelent og stilig film. Akkurat passe glatt og actionfylt. Det lovar godt for kinoåret 2007. Men likar me eigentleg ein romantisk og involvert Bond?
Inspirert av glossy filmmagasin står følgande filmar høgt på mi "må sjå"-liste framover.
The Black Dahlia: Scarlett Johansson er femme fatale og film noir rular. Då eg var på toppen av min akademiske karriere analyserte eg i hel Lost in Translation og kombinasjonen Johansson/regihjernen Sofia Coppola var genial. Blir dette halvparten så fascinerande blir eg veldig glad.
Flags Of Our Fathers: Male Weepies er ikkje noko for meg. Men litt beklemt må eg innrømma at eg er nyskjerrig på denne. Skildringar av amerikanske heltedådar i krig er sjeldan god underhaldning. Men Clint Eastwood klarte det i Million Dollar Baby og Mystic River, så med spaghettimannen som regissør kan dette bli bra!
Time: Sør-Koreansk kjærleiks-thriller om plastisk kirurgi med sterkt symbolspråk lovar teaseren. Hmm
Night At The Museum: What? Hollywood har stole ideen om å laga skrekkfilm frå naturhistorisk museum frå meg og Halldis. Ben Stiller og dinosaurane kan bli fun, fun, fun.
Oceans 13 og Schrek 3: Keep up the good work
Nancy Drew- The Mystery in Hollywood Hills: Dette er som å banna i kyrkja. Filmatisera frøken detektiv? Enten katastrofe eller utruleg koseleg.

mandag, desember 18, 2006
Trønder observert i Gravensteinsgata
Etter å ha vore på fåttåkurs med Kristin i Bergen og bestått modul 1: "Fotografering på julemesse og i smau i Bergen med innlagte øl og regnstudier", var det på tide å koma ut i felten og visa kva eg hadde lært. Derfor passa det storveges at Kjersti kom på besøk, ei trist veke i desember. Sjeldan har det regna så mykje i Sogndal, men besøket tok det pent, bunkra seg inne med damebladog bok medan eg var på jobbings. Spasering på Lærdalsøyri,smågodt, James Bond og smågodt var naturlege element i opphaldet. Turen gjekk også til Vangsnes. På ferja testa me reisepølsene, og med tilstrekkeleg ketchup og sennep smakte det framifrå. Vel framme kom me i kontakt med lokalbefolkninga. Dei viste seg å vera vennlegsinna mot framande, og tok vel i mot oss. Risengrynsgraut fekk me også.
Takk for oss!
mandag, desember 04, 2006
Kaffityste i Årdal
Fredag kom Janne-Marit på offisielt besøk til min ringe bolig i Sogndal. Heilt frå Ålebyen på Sørmøre hadde ho køyrt. Hindringane skulle visa seg
i form av skarpe svingar på Byrkjelo og kaffihunger. Men vertskapet er
strålande nøgd med at ho kom fram og at alt gjekk fiiint. Visitasen var nøye planlagt og dei store opplevingane stod i kø, skulle det visa seg:

Det naturlege høgdepunktet vart køyreturen til Årdal. Ka-en var i storform og då Janne-Marit fekk automatkaffi på den lokale Mixkiosken var lukka komplett. Nokon som angrar på at dei ikkje takka ja til fast jobb i Årdal no?
– Eg kunne nok budd her eit år, seier Janne-Marit i ein kommentar til Renatelogg innimellom kaffislurkane.

- Bokbad på Lægreidspuben der me fekk tylla i oss ein del flytande og møtt kollegaer i Sogn Avis ( i den rekkkjefølga!)
- Peparkakebaking som kuliminerte i overveldande trøttheit hjå vertskapet truleg på grunn av høg alder og høg konsentrasjon av krydder i lufta.
- Tok Den store kjærleikstesten på NRK. Her var spenninga om utfallet adskilling større enn den litt lite nytenkjande ung- og- dum-blondine-prøver-desperat- å- bli-tv-reportar-filmen me såg på ein unemneleg, kommersiell kanal seinare på kvelden. Eg vart by the way Svermeren. Kan ikkje forstå kvifor?
Det naturlege høgdepunktet vart køyreturen til Årdal. Ka-en var i storform og då Janne-Marit fekk automatkaffi på den lokale Mixkiosken var lukka komplett. Nokon som angrar på at dei ikkje takka ja til fast jobb i Årdal no?
– Eg kunne nok budd her eit år, seier Janne-Marit i ein kommentar til Renatelogg innimellom kaffislurkane.
mandag, september 25, 2006
Nattralling i haustskrud
Septemberturen- Rallarvegen 23.09-24.09.2006

Eigentleg var sist helg sett av til ralling. Den typiske turistsykkelturen måtte testast, men på grunn av vår ferske status som busy karrierekvinner, vart denne helga meir passande, trass meir usikker vermelding. Men me likar ei utfordring og når fridagane nærma seg, viste det seg at veret likevel var på vår side. Etter nøye pakking i velbrukt sykkelveske frå 1995-sesongen og sikker oppbunkring i Lærdal, susa eg og marihønebilen til Finn Tokvam si heimbygd og tok Flåms " oh, amazing" bana opp. Må innrømma at eg lot meg riva med av turistane, sjølv om eg som nesten lokalbefolkning eigentleg burde vera litt blasert på slikt:) Bytte tog på Myrdal. Det gjorde også ein entusiastisk haugesundsfamilie som tydlegvis var i same ærend som meg. På Bergensbanen var Carina og sykkelhjelmen til Per Henning. Henta syklane på Haugastøl, men å finna turisthotellet tok tid (ok, dårleg research!) og sykkelutleigaren var ikkje akkurat i storslag. Det gjorde at familien frå Haugesund fekk eit solid forsprang.

Men ut å sykla skulle me. Haugastøl ligg berre 990 meter over havet, så litt stigning venta oss. Vegen var veldig bra i starten, men me surra avgarde i husmortempo, ingen grunn til å stressa. Det er ikkje meininga å anmelda vegen, men litt kritikk må koma: Informasjonshungrige meg kunne gjerne tenkt meir opplysning langs vegen om kvar ein befinn seg, tal kilometer att til diverse naturlege stoppestader og kva som kjenneteiknar område. Kort sagt litt meir folkeopplysande, lett tilgjengeleg informasjon, sjølv for oss som hadde lese oss opp på førehand.
Frå Finse var vegen betrakteleg dårlegare og i åttetida var det på tide å ta fram hovudlykta. Heldigvis hadde eg gjort eit godt kjøp i supersykkellykta frå Intersport, og ekstremrallinga tok til ved høgste punkt, Fagervatn, 1343 moh. Men me kom no fram til Hallingskeid, seint men godt, som kveldens attraksjon for turistforeningsklanen som hadde installert seg lenge før mørkets frambrudd. Og haugesundarane fekk gleda av å triumfera med at dei hadde slått oss med to timar...:)

Neste dag var det berre nedoverbakke, og desidert flottast natur. Det gjorde at fotostoppa var svært hyppige-og når me rulla inn i Flåm sentrum, i den grad noko slikt fins, var nok haugesundsfamilien i full gang med å lima bilete frå turen inn i albumet. Heldigvis eig eg ikkje konkurranseinnstinkt.

Fjordkroa vart besøkt, nydeleg lammesteik og framifrå tyttebærsylta gjorde susen. Litt øm i gluteus maximus, men kan føra opp eit punkt til på been there, done that lista!

tirsdag, september 19, 2006
Nesten Bee Gees
Det er tid for den årlege 19.september-rapporten. Eg er blant dei som hardnakka påstår at sommar kan det vera heile året. Sommar er ikkje ei årstid som jamnleg inntreff, normalt i månadene juni, juli og august. Det er snarare eit fenomen, ei kjensle, som brått kan dukka opp når du minst ventar det.
Det er noko eige med fasettstemmer og sommar. Scissor Sisters har det, og "I don´t feel like dancing" får sommarkjensla til å vara enno litt lenger. Det er underleg kva enkle pianoakkordar, clap-hands og lyse mannsstemmer kan gjera med humøret. Eg skiftar batteri på hovudlykta (!) og ryddar i klesskapet nesten utan å banna.
Nok om det. Kategorisering, analysering og midlertidige oppsummeringar er ein dyd. Her er ei førebels gjennomgang av noko eg har opplevd i det "dei andre" kallar sommar:
-Kuulaste fjellovergang: Sognefjellet sjølvsagt, med Korgenfjellet på god andreplass. -Nei, forresten Dovre! Dovre er nest best.
-Treigaste teltoppsetjing: Etter at rektoren på Herøy skule tilrådde oss å campa i skogholtet ved skulen. Innser at eg ikkje vinn NM i den greina på ei stund. Spesielt ikkje med ei lommelykt som einaste lyskjelde:)
-Konsertopplevingar: DumDum Boys på Vinjerock! Og Kaizers på Målrock
-Nye fjelltoppar erobra: Storen sjølvsagt, men også lokale Vindreken og Hest
-Kjedelegaste vegstrekning: Æ kjøre E6... gjennom Nord-Trøndelag. Ei oppmuntring på vegen var sjølvsagt den tannlause bensinstasjonmannen på Steinkjer eller kor det no var.
-Innrømmer motvillig å ha nynna på: Paris Hilton sin Stars are Blind
-Eg vann, eg vann: Månadens bok på Skjeldestad Libris! Eg er kry!
-Sommarens helgevaktangst: Hest, golf og fisk på to dagar. Seier ikkje meir...
-Kulinariske opplevingar av dei sjeldne: Kirsebæra på ferjekaien på Mannheller. Oppetne medan eg venta på at mobilen skulle koma tilbake frå ferie i Årdal. Bringebær, jordbær, prince-epler, D´Oullins... endeleg ein grunn til å satsa på primærnæringa...
Førehandsannonserer også sykling på Rallarvegen til helga. Lovar fyldig dekning av den turen på bloggen...

Etiketter:
Forum for fredeleg fritid,
Krampeaktige analysar
mandag, august 14, 2006
Grannar i sør

Der eg er oppvaksen hadde me nokre grannar me aldri såg. Aldri kaffislabberas og ikkje var familien vår og desse naboane hyppig i bitre nabofeidar om kor gjerdet skulle stå, om innkjørselen gjekk inn på deira eigedom eller om borna i familien spela høg musikk. Me såg dei aldri, og høyrde heller ikkje. Berre nyttårsafta kunneme stundom observera at "ja, det er folk på Geithus i kveld" eller liknande, ut frå rakettoppskytinga- meir konkrete enn prinsessa i eventyret vart dei aldri.
Ein djup og brei fjord skilde oss. Dei veglause gardane på Sørsida har vore uutforska territorium for min generasjon. Ein sommardag i ferien var det på tide å ta ein del av strekninga i nærare augesyn. Korleis ser husa ut, korleis er stien mellom gardane og er det folk der borte? Båten legg til kai 10.30 og me har om lag seks timar på oss til å nå siste båt tilbake til den trygge, vegsikra Nordsida. Forbi Vollevik, Kyrkjeteig og Alrek. Frå båten fer frå oss og etterlet oss på kaien der stien startar er me kapsla inn i ei tid og eit rom der båten er einaste framkomstmiddel. For ikkje mange tiår sidan var det slik også i utkanten av Balestrand. Då var det desse veglause bruka på Sørsida som var grannane til bøndene, ytre delar av Balestrand tilhøyrde Vik kommune og mjølkerutebåten var naturleg sosial samlingsstad. Då visste ein kva grannane på andre sidan av fjorden heitte og kva dei stelte med.

Ein sti gjennom kupert terreng, somme stader avløyst av traktorveg. Nedfallsferdige uthus, men og oppussa sommarresidensar for slektningane av dei som eingong trødde på tuna og hadde utsikt mot Nessane gjennom stoveglaset. Det bur framleis fastbuande på enkelte av gardane. Menneske som trassar bilpresset og klarer seg med at Sylvarnes fraktar dei fram og tilbake frå naudsynte ærend i Vik og Høyanger. I god tid før båten går frå Ortnevik er me framme. Kjøper is på butikken og er tilfredse med turen. Men framande vil desse naboane alltid vera. For fjorden er for tungvint å nytta som framkomstveg og i veglause grender er det ikkje meininga at folk skal bu.
mandag, juli 24, 2006
Vakre sommarsogn

I helga var Carina på besøk og reint utanom tunge, medievitskapelege diskusjonar vart det god tid til å utforska nærmiljøet. Som relativt ny indre Sogn-fan vart Storehogen naturleg val laurdag. Eg undrar meg noko over kvifor eg ikkje får inn NRK 2 når eg trass alt bur midt i Sogndal sentrum og tv-antenna mi er plassert beint mot denne sendaren på Storehogfjellet. Men det får eg ta opp ein annan gong. Bading og speiding mot Lærdal og fjellheimen vart det sjølvsagt før medievitarane i oss fann vegen til innspelingsstaden for ein viss realityserie, så klokka vart langt over barne-TV tid før me fekk karra oss tilbake til sentrum, etter galant ha meistra hindringar som hoggorm og sauer.

Sundag stod Lustrafjorden for tur. Urnes, truleg verdas søtaste ferje, frakta oss frå nydelege Solvorn til nettopp - Urnes. Me møtte knapt ein bil langs heile sørsida av fjorden, lokalbefolkninga var opptekne med bading og det såg ut til at campingbilane hadde sett sine begrensingar. Trass i at me ikkje møtte nokon typiske feigianarar var Feigumfossen stilig og fortener plassen sin på ymse postkort. Kjøtkakemiddag vart det i solveggen på Turtagrø og bading i brakkvatnet på Skjolden. Ei fin helg!
Etiketter:
Forum for fredeleg fritid,
Krampeaktige analysar
mandag, juli 10, 2006
Storen, 2405 moh
05.07.06 var dagen, William Cecil Slingsby hadde vore stolt av meg!

Oppe 04.00, åt frukost totalt utan matlyst og slett ikkje vaken 04.30 på Turtagrø (884 moh), gjekk innover mot Hytta på Bandet kl 05.15. Strålande sommarver og ikkje antydning til skyer eller regn. Passerte Tindeklubbhytta og gjekk over Skagastølsbreen i fin sol. Hytta på Bandet (1758 moh) kom me til i fin morgonmøtetid, om lag 08.30. Så bar det oppover meir bre og bratte, steinete parti, før klatreetappar med krampe i leggen. Skumlast var det ved Svaet, men me kom no opp! Veldig stolte når me gomla i oss mat på toppen og eg tenkte ikkje på at eg såg ut som ein dozar. Å vita eg skulle rappellera nedatt var mental påkjenning, men supergøy når eg først var i gang. Når eg såg att Hytta på Bandet var sjølvtilliten tilbake, og turen tilbake til Turtagrø var dryg, men vart gjort med lett hjarte!

mandag, juni 12, 2006
Sol
Sløy Aretha Franklin på mp3-spelaren. Frukost på balkongen. Vannmelon. Joggetur til Barsnes på kvelden. Sommar.
tirsdag, mars 21, 2006
Berre gode vibbar, berre pur livsglede!
Tenth avenue freeze-out
Tear drops on the city
Bad Scooter searching for his groove
Seem like the whole world walking pretty
And you can't find the room to move
Well everybody better move over, that's all
I'm running on the bad side
And I got my back to the wall
Tenth Avenue freeze-out, Tenth Avenue freeze-out
I'm stranded in the jungle
Taking all the heat they was giving
The night is dark but the sidewalk's bright
And lined with the light of the living
From a tenement window a transistor blasts
Turn around the corner things got real quiet real fast
She hit me with a Tenth Avenue freeze-out
Tenth Avenue freeze-out
And I'm all alone, I'm all alone
And kid you better get the picture
And I'm on my own, I'm on my own
And I can't go home
When the change was made uptown
And the Big Man joined the band
From the coastline to the city
All the little pretties raise their hands
I'm gonna sit back right easy and laugh
When Scooter and the Big Man bust this city in half
With a Tenth Avenue freeze-out, Tenth Avenue freeze-out
Tenth Avenue freeze-out...
Copyright © Bruce Springsteen (ASCAP)

onsdag, mars 01, 2006
Sol, snø og ski!
1.mars i dag! Det betyr første vårmånad, og snart tid for å spenna på seg skidna, køyra til Saurdalen og konkurrera med gamle gymlærarar om kven som klarer å karra seg lengst mogleg oppover fjellsidene. Eh, kanskje eit poeng å ikkje ta på seg skia før etter ein har gått ut av bilen i Saurdalen, då, men uansett Saurdalen er einaste staden eg hittil har hatt behov for mine eminente eigenskapar innan lukeparkering. Slik går det når ein køyrer opp i Sogndal og slepp unna med bykøyring i Førde... Laguttaket er enno ikkje gjort, men satsar på at eg er eit sjølvsagt førsteval på Sæle/Lindane-laget i år. Per Henning ser ut til å ha meldt seg heilt ut etter han vart kapitalist og nærast flytta ut i Nordsjøen, men eg forventar at Gunn satsar på tidenes comeback når ho kjem att frå Oslo. Monica er som alltid ein outsidar, men eg reknar med eg tek ho både på alder og rutine:) Karin er også å rekna med, berre kuldeeksemen held seg i sjakk under dei vindtette hanskane. Sjølv lovar eg å vera med frå første stavtak, berre helsa held og eg får nok tilførsel av appelsin undervegs.
søndag, februar 26, 2006
Slektningar
Av og til er slektningar masete dyr som minner deg om opphavet ditt og at du mest sannsynleg er masete sjølv også sidan dei er det. Slekta vår er full av hobbypsykologar som ikkje er spesielt flinke til å lytta til andre, men som samlar informasjon om andre på andre, alternative måtar. Og då meiner eg ikkje googling...På godt og vondt altså! Men av og til, som i dag, er slekta koselege og velmeinande individ som inviterer på fiskemiddag og fastelavensbollar utan at eg har gjort meg fortent til det. That's what relatives are for! Takk,takk,takk!
fredag, februar 24, 2006
Jobb i sikte og kino midt på dagen!
Flyttar delvis til Sogndal i neste veke. Sogn Avis kallar og forhåpentlegvis vil pengane rulle inn på kontoen etterkvart! Eg gler meg:)Kjem framleis til å ha hybelen min i Bergen, alltids greit med ei hytte i by'n!For å feire skal eg og Janne på kino midt på dagen, herleg luksus berre me dagdrivarar og arbeidsledige kan unna oss. Trur planen er Stolthet og fordom, men planar er til for å endrast.
mandag, februar 06, 2006
Film og slikt...
Film er livsnaudsynt.Trass i skrantande økonomi er Bergen Kino framleis min gode ven. Takka vera kinosonen kjem fattige stakkarar som meg og Janne-Marit oss heldigvis på kino! Go'filmar sett i det siste: Narnia, Barnet, Sex, håp og kjærlighet og i kveld: Match Point.
Abonner på:
Innlegg (Atom)