tirsdag, september 19, 2006

Nesten Bee Gees

Det er tid for den årlege 19.september-rapporten. Eg er blant dei som hardnakka påstår at sommar kan det vera heile året. Sommar er ikkje ei årstid som jamnleg inntreff, normalt i månadene juni, juli og august. Det er snarare eit fenomen, ei kjensle, som brått kan dukka opp når du minst ventar det.

Det er noko eige med fasettstemmer og sommar. Scissor Sisters har det, og "I don´t feel like dancing" får sommarkjensla til å vara enno litt lenger. Det er underleg kva enkle pianoakkordar, clap-hands og lyse mannsstemmer kan gjera med humøret. Eg skiftar batteri på hovudlykta (!) og ryddar i klesskapet nesten utan å banna.

Nok om det. Kategorisering, analysering og midlertidige oppsummeringar er ein dyd. Her er ei førebels gjennomgang av noko eg har opplevd i det "dei andre" kallar sommar:

-Kuulaste fjellovergang: Sognefjellet sjølvsagt, med Korgenfjellet på god andreplass. -Nei, forresten Dovre! Dovre er nest best.
-Treigaste teltoppsetjing: Etter at rektoren på Herøy skule tilrådde oss å campa i skogholtet ved skulen. Innser at eg ikkje vinn NM i den greina på ei stund. Spesielt ikkje med ei lommelykt som einaste lyskjelde:)
-Konsertopplevingar: DumDum Boys på Vinjerock! Og Kaizers på Målrock
-Nye fjelltoppar erobra: Storen sjølvsagt, men også lokale Vindreken og Hest
-Kjedelegaste vegstrekning: Æ kjøre E6... gjennom Nord-Trøndelag. Ei oppmuntring på vegen var sjølvsagt den tannlause bensinstasjonmannen på Steinkjer eller kor det no var.
-Innrømmer motvillig å ha nynna på: Paris Hilton sin Stars are Blind
-Eg vann, eg vann: Månadens bok på Skjeldestad Libris! Eg er kry!
-Sommarens helgevaktangst: Hest, golf og fisk på to dagar. Seier ikkje meir...
-Kulinariske opplevingar av dei sjeldne: Kirsebæra på ferjekaien på Mannheller. Oppetne medan eg venta på at mobilen skulle koma tilbake frå ferie i Årdal. Bringebær, jordbær, prince-epler, D´Oullins... endeleg ein grunn til å satsa på primærnæringa...

Førehandsannonserer også sykling på Rallarvegen til helga. Lovar fyldig dekning av den turen på bloggen...

2 kommentarer:

Monica sa...

Du har jammen gjort mange ting eg ikkje visste om. Du er dan flinke og sporty systa. Eg er dan sløve..

Renate sa...

Neidå, du er berre fortapt i din eigen oppfatning av deg sjølv. Du er med i eldrerådet, greit nok, men du treng ikkje bli gamlis for det. Dessutan er det mange gamle pensjonistar:)

Neste gong du kjem på visitas, må me gå på fjellet inkonstadn!