På eit folkemøte i Sogndal angåande sentrumsutvikling i vinter uttalte Erling Dokk Holm noko slikt som at kundegrunnlaget til nor-way bussekspress besto av husmødre over 50 og ungdom under 18 som ikkje fekk sitja på med nokon. Medan eg sat på bussen, ja, ein bussekspress på veg til Oslo for å forelesa om mi nyleg støvavpussa masteroppgåve og filosoferte over kva gruppe eg tilhøyrde, vart eg inderleg klar over at han hadde utelete ei stor og mektig kategori. Busstyrannane.
Ekspressbussar tiltrekker seg menneske som elskar lydar frå mobiltelefonen sin. Menneske som ikkje kjenner til lydlausfunksjonen, som ikkje veit det fins opptil fleire utgåver av øyreproppar og hovudtelefonar i handelen. Dei vel seg ringelydar av sjarmerande artistar og speler av musikk (les: trance) frå ipod'n eller mp3-spelaren til kompisane sine. Alt medan dei sit på bussen. På grunn av denne menneskegruppa, for dei må vel reknast til arten, har eg fått meir ambivalent forhold til bussen. Det vert ein konflikt mellom det den trivelege bussjåføren, lat oss kalla han Geir-Øystein, som trygt fører oss over fjellet til Gol der det er ein halvtimes matpause med kjøtkake - og pommes fritesfortæring representerer, og irriterande støyarar.
Går det an å innføra ei stille-avdeling på bussen? Der eg i fred kan sitja og studera mine medpassasjerar og setja dei båsar og analysera dei i fred og ro?
Dermed set eg over til Kristin, den ypparlege bussbloggaren.
onsdag, april 18, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Husmødre over femti og ungdom under atten? Hmm. Eg må få tak i han der Dokk Holm og høyra kva grunnlag han har for sine ytringar.
Når det gjeld irriterande menneske på bussen har eg ei gruppe syngande. Helst syng dei kristlege sangar litt falskt og ikkje altfor høgt, men akkurat slik at eg høyrer dei gjennom straumen av god musikk frå min mp3-spelar. Bussfolk er merkverdige.
Ja, og me burde vita det. Me er jo trass alt vaksne opp på buss. Ein viktig del av vår sosialiseringsprosess gjekk føre seg nettopp på buss.
hoho! Eg er ein ypparleg bussbloggar! Dette må eg sladre om med ørnulf bussjåfør... På bussen midt på dagen er det oversminka kvinner på 70+ som tek bussen. Om kveldane ungdom under 18 som også er oversminka. morgon og ettermiddag er det oss normalt sminka som skal til og frå jobb...
Legg inn en kommentar