mandag, april 03, 2006

Ein dag i eit liv

Vakna. Slå opp augo og stirra inn i klokkeradioen sine neongrøne lysande tal. Dei fortel harde fakta og at det er på tide å forlata kvileposisjon og innta ein meir livsfrisk og energisk innstilling. Gå på badet, kle på meg og skjera opp ein mango. Køyra ned i Fjøra og kasta meg over avisene før mine kollegaer kjem og snappar dei framfor nasen min. Febrilsk skriva nokre notisar og planleggja dagens gjeremål. Morgonmøte. Eta ein mango.Eit par timar jobbting. Deretter susing på internett og maila litt før overordna spør om eg snart er ferdig. Jaaaaa! Desperasjonen spreier seg, men eg hentar meg galant inn ved å ta nokre telefonar og gjera ting slik vaksne ville gjort. Det ligg slett ikkje naturleg for meg, men eg har sett på andre og veit korleis det skal gjerast. Avtala tid, stad og planleggja vinkling. Fjøra Mat, mitt skjold og verge! Gooode påsmurte baguettar i lunsjtid. Mmmm!Meir meir eller mindre målretta surfing på nettet, motta ein faks frå Balestrand kommune. Gjera meg ferdig. Leita etter bileta mine, kobla dei til teksten gjennom meir eller mindre fiffige bilettekstar. Not:) Så er dagen over. Handla mat. Laga ei merkeleg gryte av hermetiske tomatar, chilli, løk, salt, pepar, brokkoli og pasta. Ikkje spesielt godt, men det glir ned liksom. Skravla i telefonen og lett jogga opp til idrettsenteret for sykkel 2 time. Og der, i resepsjonen står han søte som jobba der då eg studerte i Sogndal for gudsjammerleg mange år sidan. Han har truleg stått der heile tida, for han ser heilt lik ut. Jajamennsann. På sykkel 2 timen er det eit breitt utval av folkesetnaden i bygdi. Gamle knarkar og bittesmå studentjenter. Sliten tuslar eg heim, dusjar, ser siste episode av pride and prejudice, forøvrig vekas høgdepunkt og et frukostblanding. Ein ideell kombinasjon og truleg den einaste rette. God natt:)

2 kommentarer:

Monica sa...

Jaaaaaaaaaaa!

Da er nett slik da er. So gørr kvar dag likso sidan kvar dag ikkje er ein fest. Hoho. er da gørr i Sogndal eller?

Monica sa...

Jaaaaaaaaaaa!

Da er nett slik da er. So gørr kvar dag likso sidan kvar dag ikkje er ein fest. Hoho. er da gørr i Sogndal eller?