tirsdag, april 04, 2006

Bloggepress

Kvifor skriv du aldri i bloggen? Du må skriva nåke nytt i bloggen!

Utsagnet er henta frå mi kjære syster, den einaste lesaren av denne bloggen. Ho er ein ekstrembloggar og bloggar i tide og utide. Eg satsar heller på kvalitet. Eh...

I dag skal eg skriva om alle dei som syng når dei køyrer bil. Folk gjer mykje rart medan dei køyrer, spesielt når distansane er lange, vegane keisame og alt blir rutine. Spesielt keisamt er det når ein køyrer åleine. Då er det viktig å bli aktivisert undervegs. Radio er bra, men har ein vore ute ein uversdag i distriktsnoreg veit ein at ikkje alle fjordarmar eller fjellovergangar har særleg anna å tilby enn skurring, eventuelt noko nrk sogn og fjordane. Ikkje det at nrk sogn og fjordane er noko gale, men det kan bli litt einsformig. Ein skal helst ikkje snakka i mobiltelefon når ein køyrer, og når radioen ikkje får inn dei frekvensane ein kjenner seg mest i målgruppa for er CD-spelaren einaste reelle alternativ. Og no kjem mitt poeng. Etter snart ein månad på landevegen med Suzukien (litt reklame for papsen sitt vidunder må til) har eg ikkje kunna la vera å registrera alle dei einslege sjelene som sit og bevegar lippene og dunkar på rattet med hendene. Det ser underleg ut, men eg er blitt ein av dei.

Eg er ein bilsyngar. Eg og mine medsyngarar der ute er ramma av "synga med til CD medan du køyrer bil åleine"-syndromet. Når det er som kjedlegast er det ingenting som er som å synga av hjartans røst til yndlingsslåtten. Og fordelene er mange: det gjer bilkøyringa mindre kjedeleg, du får øvd opp stemmebanda, kanskje finpussa engelskuttalen og dersom stemma di ikkje kvalifiserer for idol, er det ingen som klagar. Du er aleine og du syng med det nebbet du har. Problemet er at dette kan sjå temmeleg teit ut for utanforståande. Du sit der og gaper, det kan stundom bortforklarast med at ein nyttar handsfree, men eit trent auga vil sjå at "her er det ein bilsyngar på ferde". Men:nytten er større enn ulempa. Så får det berre sjå sjukt ut. Eg vel å halda fram med min bilsyngingskarriere. Favorittar for tida er manic monday, maria, murder inc. og gamle madonnahits. Lat deg ikkje hindra, syng og ver glad!

2 kommentarer:

Monica sa...

Jaaaaaaaa! Synging i bilen er feeeest! Eg gjere det heile tidda. Helst til songar eg ikkje har noko grunnlag for å meistre sjølvsagt.

Eg er faktisk på veg ut i bilen for å gjere det akkurat no.

"On the road again"

Monica sa...

Du har kuuule støvlar.

Eg har nett kjøpt desse:
http://www.kidsfashion.no/kf/produkter/gutt/tilbeh_r/g5000_frosk_sj_st_vler

Helsing Ked.