Hans- Tore Bjerkaas.
Berre å læra seg namnet, jo før, jo heller. No skal denne mannen styra NRK i åra framover. Etter skuffelsen over å ikkje ha blitt headhunta til denne jobben sjølv er det berre å gratulera og håpa han tek seg av mitt kjære NRK på ein framifrå måte.
Konkurrenten Einar Hålien uttrykte det slik til BT
"Når det er sagt vil jeg benytte anledningen til å gratulere Hans Tore. Jeg kjenner ham og er trygg på at NRK får en god sjef i ham. Hans Tore er utstyrt med både hjerne og hjerte og evner å bruke begge deler".
Det håpar eg verkeleg.
Til NRK sa han umiddelbart etter avgjerda at han verken er teknolog eller økonom (skru av den j... mobilen når du er på tv, er vel temmeleg basic?) og at han trur han fekk jobben fordi NRK skal fokusera på det redaksjonelle arbeidet. Det lovar godt. Men tøffe tider ventar, det gjeld å henga med i den teknologiske utviklinga også.
Er det lov å drøyma om å få inn NRK2 i Sogndal sentrum, Bjerkaas? Eg vil, eg vil, eg vil!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar