søndag, mai 28, 2006

Ein æra er over...

Fredag føremiddag bar det mot Bergen. Eg gler meg stort sett alltid til litt byluft, men det var med ein ekstra klump i magen eg sette kursen mot by´n denne gong. Eg skulle flytta. Etter å ha parkert Balenoen i det noko diffuse strøket Korskirkealmenningen, venta intense timar med pakking, sortering og hyppige besøk til søppelkassane utanfor lille øvregaten 23 med diverse som burde vore gløym og kasta for leeenge sidan.

Etter ein svært så koseleg kveld på Pingvinen saman med Carina, Kristin, Hildegunn, Kristine og Brita måtte eg neste dag innsjå at i dag skulle det skje. Alt eg eig og har måtte lempast inn i stasjonsvogna, bittast fast og køyrast til Sogn.

Aldri meir kokkelering på kjøkkenet, middagsbesøk ut i dei små timar, brownies til Cæsar, røyrleggararbeid på badet, irritasjon over huseigar, vorspiel, te-slarving og TP-speling i penthouset i 5. etasje. Eg må innrømma at eg hadde tårer i augo når eg hadde pakka siste sekken med diverse kjøkenutstyr og dokumentarfilmbøker.

Heldigvis kunne brorn trø til og hjelpa til med bæring og stuing i Balenoen. Og senga, som sto som den største utfordringa å få med seg på skapleg vis, vart så fast bitta til takgrinda at det var større sjanse for at takgrinda skulle detta av bilen enn at senga skulle detta av takgrinda. If that makes any sense. Anyway, we hit the road og suste ut av Bergen sentrum og i tunnelen ved Matre fekk bilen vist at han jaggu held ein fin fart på 90 km i timen også godt fullasta og med seng på taket. Lenge leve Balenoen, eg lovar å vera snill med deg i heile neste veke. Inga tunge laster, eller lange turar. Skal skifta blinklyset ditt også, I promise!

3 kommentarer:

Monica sa...

Hoho, fest med takgrind som nesten dette av. Hoho.

Da er trist å flytta frå Bergen, men ein kan jo alltid flytta tilbake atte? Eg og saknar å bu i Bergen, men på same tid er da kosleg å bu her og. For her kan ein gjera mange ting som Bergen ikkje har. Eksempelvis Nilla også kan du besøka systa. Jeppso

Linn Søvig sa...

Du er nå alltid velkommen å bo her, hvis du vil ta en tur i ny og né.

Trist å se deg forlate oss!! :(

Kristin sa...

Var det 90 i tunnellen med nedoverbakke eller oppoverbakke? Hihi. Det er rart å flytte frå alle stader. Ikkje nødvendigvis på grunn av sjølve staden, men på grunn av folka ein kjenner der. Lykke til i ny kåk i Sogndal!